Vere og døy - døy og vere 9788249525645 Kjartan Hatløy Brukte bøker

Vere og døy - døy og vere

Forlaget Oktober

  • 160 kr

+ -
Kun 1 igjen

Vere og døy - døy og vere. «Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Les mer... Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?» Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge. Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere. «Vere og døy - døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.

Forfattere: Kjartan Hatløy Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 119
ISBN: 9788249525645 Vekt: 170 g
Forlag: Forlaget Oktober Innbinding: Heftet
Utgitt: 2022 Veil. pris: 329 kr
Kategori: Lyrikk

For flere skjønnlitterære bøker trykk her

[code] [/code]
Salg
+ -

Unavailable

Sold Out