Eit praktisk menneske
Gyldendal Norsk Forlag AS
Eit praktisk menneske. Eit praktisk menneske er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering.
Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande
Les mer... småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv?
Eit praktisk menneske er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?
Forfattere: Kjersti Rorgemoen |
Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) |
Sidetall: 86 |
ISBN: 9788205527690 |
Vekt: 209 g |
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS |
Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2020 |
Veil. pris: 349 kr |
Kategori: Romaner |
|