Den stille flokken. Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie!
Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka
Les mer... viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur».
Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga.
Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet.
Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar - og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok til at det rettferdiggjer hemn?
Forfattere: Lars Mæhle |
Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) |
Sidetall: 365 |
ISBN: 9788252193671 |
Vekt: 510 g |
Forlag: Det Norske Samlaget |
Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2017 |
Veil. pris: 429 kr |
Kategori: Krim / spenning |
|