Vi, dei fattige: åtte forteljingar om barnefattigdom (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Vi, dei fattige: åtte forteljingar om barnefattigdom. Åtte forteljingar om barnefattigdom Andrea ligg vaken om natta og er redd for at mamma skal døy. Elias ser pappa klikka på dopseljarane som heng utanfor blokka der dei bur. Georg opnar vindauget, det er midt på natta og han vil rømma heimanfrå. Andrea, Elias og Georg har ein ting til felles: Dei er blant dei rundt 111 000 barna som veks opp under fattigdomsgrensa i Noreg. To til tre barn i ein vanleg skuleklasse er fattige. Sidan 2001 er delen fattige barn meir enn tredobla. Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land? Folka du møter i boka, er åleineforeldre og folk med innvandrarbakgrunn - familiar som statistisk sett er særleg utsette for fattigdom. Dei fortel om den evige kampen for å mildna konsekvensane av fattigdom i eit land prega av overflod. Dette handlar om barna som bur trongare og i dårlegare husvêre, og som er meir utsette både for fysiske og psykiske sjukdommar. Foreldra må på si side leva med kjensla av at dei ikkje klarer å gje barna det dei treng. Erfaringane til desse familiane er ofte usynlege. Perspektivet deira manglar på foreldremøta som konkluderer med at 100 kroner er ein passande minstesum for presangar i barnebursdag. Forteljingane deira manglar når politikarane får gjennom kutt i trygda for å gjera det meir attraktivt å arbeida. Dei er fråverande når samfunnet blir bygd opp rundt kjernefamiliar med råd til å eiga eigen bustad. Dette er historiene deira. Maria Lavik (f. 1984) kjem frå Eksingedalen, men er busett i Oslo. Lavik er journalist og har blant anna arbeidd i Klassekampen og NRK. No er ho tilsett i Vårt Land.
Detaljer om boken
Kategori: Samfunn, historie
ISBN: 9788234006326
Forfatter: Maria Lavik
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2021
Sideantall: 153
Utgave: 1 utg.
Vekt: 276 g
Veil. pris: 429 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.