Verda mi smeltar

Verda mi smeltar

Det Norske Samlaget

  • 170 kr

Kun 1 igjen

Verda mi smeltar. I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet. Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar? På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane. Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.

Forfattere: Line Nagell Ylvisåker Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 178
ISBN: 9788234002311 Vekt: 316 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2020 Veil. pris: 349 kr
Kategori: Samfunn, historie
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out