Ventemannen og tentakkeldyret 9788283983159 Ola Grøvdal Brukte bøker

Ventemannen og tentakkeldyret

Inkognito Publisering DA

  • 180 kr

Kun 1 igjen

Ventemannen og tentakkeldyret. Det er mange som er pårørande. Det er mange som er ramma. Det er så mange som lever midt i ei stor sorg. Omtanken for andre er ein så viktig del av liva deira at dei ofte set sine eigne på vent. Det er så mange ventemenn og -kvinner. Desse dikta forsøker å leite fram ord for dei tankane og kjenslene som held dei vakne, uroar dei når som helst, skiplar om på tilværet. Det er lett å gløyme kjærleiken og samværet med andre når alvorleg sjukdom og kriser rammar. Desse dikta fortel òg om dagane med smilefjes på, om den vesle berøringa som inneheld så uendeleg mykje omtanke, om dei lyskjeldene som berre er glimt av det gode, men likevel held tilværet saman. «Ventemannen og tentakkeldyret» er ei samling av ærlege, nakne og varme dikt om korleis det er å leva eit fullverdig liv med eller tett på kronisk sjukdom. Ei samling dikt om dei berørte. Ei samling dikt som berører.

Forfattere: Ola Grøvdal Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Bokmål) Sidetall: 76
ISBN: 9788283983159 Vekt: 220 g
Forlag: Inkognito Publisering DA Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2023 Veil. pris: 298 kr
Kategori: Lyrikk

For flere skjønnlitterære bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out