Utdanning, ulikskap og urettferd
Utdanning, ulikskap og urettferd. Er det urettferdig dersom ressurssterke foreldre brukar ressursar på å gi barna sine ein betre skulegang enn andre? Er det urettferdig at nokon gjer det betre på skulen fordi dei får meir hjelp heimanfrå? Er det urettferdig om skulen er betre tilpassa nokre grupper enn andre? I moderne samfunn er utdanning ein viktig måte å få tilgang til ulike stillingar på, og dermed til ulike gode som er knytte til stillingane. Utdanningssystemet fungerer med andre ord som ein mekanisme som sorterer folk på ulike posisjonar. Problemet, dersom det er eit problem, er at utdanningsprestasjonar heng saman med kva sosial gruppe ein høyrer til. Faktorar som kjønn, etnisitet og klasse påverkar både kva utdanning ein får og kor godt ein gjer det i utdanninga. Er det rettferdig? Kva kjenneteiknar eit rettferdig utdanningssystem? Det er slike spørsmål denne boka handlar om. Boka er skriven for studentar i pedagogikk og lærarutdanning og andre interesserte. Steinar Bøyum er professor ved Institutt for pedagogikk ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.
Forfattere: Steinar Bøyum | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 164 |
ISBN: 9788245021097 | Vekt: 326 g |
Forlag: Fagbokforlaget | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2016 | Veil. pris: 309 kr |