Ungdomsskulen
Maja vil gjerne vere ei av dei som blir invitert på festar, ei som har drukke både øl og sprit, ei som har hatt sex. Samstundes vil ho òg vere det barnet ho framleis er, bade med bestevenene Pelle og Maria, eller berre sitje på rommet og prate. Pappaen hennes har forsvunne på sjøen, ingen veit om han er daud eller levande. Så dukkar det opp ein litt eldre gut. Vampyren. Så forsvinn Pelle og Maria for ei stund. Så vil Maja at mamma og stefaren skal skilje seg. Så trur ho at ingen bryr seg om henne.
Heidi Furre (f. 1986) fortel presist og empatisk om tida på ungdomsskulen. Stilen og språket hennar er aldri overdrive, alltid medrivande. Ungdomsskulen er ein fantastisk roman, som vil gi deg ny kjærleik for desse uvanleg turbulente åra i liva våre.
]]>Forfattere: Heidi Furre | Utgave: 2 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 161 |
ISBN: 9788282882309 | Vekt: 100 g |
Forlag: Cappelen Damm AS | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2017 | Veil. pris: 199 kr |
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne |
For flere skjønnlitterære bøker trykk her