Tung tids tale. Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie.
«- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet.
- Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet. Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt
Les mer... var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje.
- På øyret til bilen.»
Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?
Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.
Opplesing: Olaug Nilssen
Forfattere: Olaug Nilssen |
Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) |
Sidetall: 155 |
ISBN: 9788252190274 |
Vekt: 190 g |
Forlag: Det Norske Samlaget |
Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2017 |
Veil. pris: 429 kr |
Kategori: Romaner |
|