Tid for klage, tid for dans

Tid for klage, tid for dans

Forlaget Oktober

  • 99 kr

Kun 2 igjen

Tid for klage, tid for dans. Middelalderforskaren Werner Holck sit på Universitetsbiblioteket for sjuande år på rad idet han ein vår-dag får augo opp for ei ung kvinne som kjem inn på lesesalen. Slik vert han òg merksam på ein av dei andre lesesalsslitarane, presten Paul Winther, og han vert eit vitne til ein del av kjærleikshistorien mellom kvinna og presten. Samtundes gjer møtet med dei at Holck sjølv vert trukken tilbake til livet utanfor bøkene. Det fører han blant anna frå hovedstaden til ei øy på Vestlandet, og inn i krinsen rundt dei to Bergmann-karane, skodespelaren Johannes og spekulanten Tom, kjende frå tidlegare romanar av Edvard Hoem. "Tid for klage, tid for dans" er ein bred og frodig samtidskrønike, med plass til refleksjonar kring teologiske og filosofiske spørsmål, såvel som til naturskildringar og dramatiske opptrinn og skifte. Werner Holck er kronikøren som ser livets spel, anten det er i historia, blant menneska rundt seg eller på teaterscenen der Beckett får siste ord i denne romanen, som kan hende er blant dei beste Edvard Hoem har skrive.

Forfattere: Edvard Hoem Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 397
ISBN: 9788249505135 Vekt: 230 g
Forlag: Forlaget Oktober Innbinding: Heftet
Utgitt: 2007 Veil. pris: 149 kr
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out