Team Tuva
Team Tuva. Innsiktsfullt om kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre. Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin ein gong for alle. Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å forstå seg på: Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho forsvinn gjennom kontordøra og ut i samfunnet igjen? «Team Tuva» er ein roman om korleis vi påverkar kvarandre i stort og smått. Med denne boka viser Marit Eikemo verdien av fellesskap og kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre. Sagt om Team Tuva: «Marit Eikemo briljerer igjen - og tar oss på kornet» - Mette Bleken, Hardanger Folkeblad «kriblande tankestoff» - Eivind Myklebust, Klassekampen «fint skråblikk på samtiden» - Gabriel moro, VG
Forfattere: Marit Eikemo | Utgave: 2 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 174 |
ISBN: 9788234007392 | Vekt: 175 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2022 | Veil. pris: 249 kr |
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne |
For flere skjønnlitterære bøker trykk her