Strandebarmaren
Strandebarmaren. Strandebarmaren -småbåtbygging i Hardanger På det meste vart det bygd 1300 strandebarmarar i året i Strandebarm, Hardanger, og mange har gode minne knytt til denne båttypen. I boka «Strandebarmaren» kjem me tett på båtbyggjarar som hugsar glansperioden i mellomkrigsåra, og me får vera med Peter Helland-Hansen når han byggjer ein ny båt. Her fylgjer me Peter frå han vel emne i skogen, strekkjer kjøl i verkstaden og fram til han sjøset den ferdige båten, med årar og segl. Han viser oss verkstaden, fortel om verktøy og historie og gjev gode råd om reparasjon og vedlikehald. I kapitlet Marknad og omsetnad gjev Atle Ove Martinussen oss eit blikk inn i den store suksessen strandebarmaren hadde i marknaden. Kvar tok nybygde båtar i tusental vegen? «Strandebarmaren» er rikt illustrert med 906 foto og 172 teikningar. Boka gjev ei god innføring for den som sjølv vil byggja båt - men ei bok kan ikkje stå for den fullstendige opplæringa. For båtbygging må lærast saman med nokon som kan det - og ikkje minst gjennom «å gjera». Eller som Peter seier det: «Det er litt som å dansa. Før me kjem på golvet vert det liksom ikkje noko fart i det.»
Forfattere: Peter Helland-Hansen, Atle Ove Martinussen | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 0 |
ISBN: 9788281630659 | Vekt: 2500 g |
Forlag: Kapabel Forlag AS | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2014 | Veil. pris: 499 kr |
Kategori: Diverse |