Størst og minst
Størst og minst. Sissel går i tiande og må finne ut kva line ho vil velje på vidaregåande. Så har ho fått tilbod om sommarjobb langt heimanfrå. Men til sommaren fyller søstera hennar, Åshild, atten år. For Åshild tyder ikkje dette fridom og nye rettar; foreldra vil at ho skal flytte inn i ein kommunal bufellesskap. Sissel er uroleg: Kva blir att av familien utan Åshild?
I Størst og minst er storesøstera veslesøster, og veslesøstera storesøster. Men ei søster er ei søster.
Forfattere: Erlend Skjetne | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 195 |
ISBN: 9788282885911 | Vekt: 278 g |
Forlag: Cappelen Damm AS | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2024 | Veil. pris: 399 kr |
Kategori: Romaner ungdom |
For flere skjønnlitterære barnebøker trykk her