Stavanger stories 1
Stavanger stories 1. Fjorten forteljingar med humor og action! «Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.» I Stavanger stories møter vi søskena Betty, Broremann og Duxen. Betty har eit nærare forhold til mormor enn til mor, Broremann blir sett på den største prøven så langt i livet då han må leggje ut i båt åleine, og Duxen tabbar seg loddrett ut som russ. I novelleform opplever vi tre søsken og deira ulike møte med livet, døden, gleda, saknet og kjærleiken. Dette er den første av fleire novellesamlingar om ungdommane frå Stavanger.
Forfattere: Terje Torkildsen | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 158 |
ISBN: 9788252189827 | Vekt: 278 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2016 | Veil. pris: 329 kr |
Kategori: Romaner ungdom |