Speculum legale - rettsspegelen
Informasjon fra forlaget
Speculum legale - rettsspegelen: ein introduksjon til den norske rettskulture…. Ein lærer gjennom erfaring. Rettshistorie er retten og rettsvitskapen sitt kollektive minne, som gjer det mogeleg for rettssubjekta og for retten sine profesjonelle aktørar å dra vekslar på tidlegare erfaringar. Slik sett er rettshistoria det stødige fundamentet til ein rett som stadig endrar seg på alle nivå. Retten kan samanliknast med eit hav: På overflata finn ein lov- og rettsreglar, på eit mellomnivå finn ein rettslege prinsipp som at avtalar skal haldast, medan ein på havbotnen finn rettslege grunnførestillingar som det autonome individet. Samla sett utgjer desse tre nivåa rettskulturen. Gjennom å gjera rettskultur til objektet for rettshistoria kan ein setja retten inn i ein heilskapleg struktur slik at samanhengen mellom retten som intellektuell aktivitet og handverk, mellom dei store filosofiske ideane og dei konkrete rettsavgjerdene trer klart fram. Intellektuelt gods, som idear og førestillingar, reiser like lett over geografiske avstandar som materielt gods, og nye metodiske grep spreier seg like raskt som tekniske nyvinningar. Det er innanfor rammene av nasjonen at retten får si form gjennom at rettssubjekta skapar sedvane, gjennom at rettspraksis skapar presedens og prejudikat, og gjennom lovgjeving. Dette gjer at retten må forståast innanfor både ein nasjonal og ein internasjonal kontekst. Samla sett siktar Speculum legale - Rettsspegelen mot å vera ei lærebok om den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv ved å presentera rettshistoria som ein spegel som gjer det mogleg å reflektera over retten slik den er i dag, og retten sitt framtidige endringspotensial. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen og rådgjevar i historiske spørsmål ved Museet Baroniet Rosendal.
Detaljer om boken
Kategori: Jus
ISBN: 9788245000900
Forfatter: Jørn Øyrehagen Sunde
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2005
Sideantall: 409
Utgave: 1 utg.
Vekt: 780 g
Veil. pris: 699 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.