Sosialpolitikk på norsk 9788234001864 Svein Tuastad Magne Eikås Brukte bøker

Sosialpolitikk på norsk

Det Norske Samlaget

  • 320 kr

Kun 1 igjen

Sosialpolitikk på norsk. Barnevernspedagogar, vernepleiarar og sosialarbeidarar har ei hjelperolle overfor brukarar, men inngår også i eit forvaltningsapparat som set i verk politikk. I boka tek forfattarane utgangspunkt i sosialarbeidarane si rolle i velferdsstaten og gir ei brei innføring i norsk sosialpolitikk; korleis forvaltninga er bygd opp og styrt av demokratiske prosessar, og korleis tenestene er organiserte. Gjennom heile framstillinga blir det lagt vekt på kva handlingsrom sosialarbeidarane har i profesjonsutøvinga si, med vekt på skjønsutøving og medverknad. Minoritetserfaringar og diskriminering blir behandla i eit eige kapittel, og her blir det lagt særleg vekt på det samiske og på innvandring. Avslutningsvis gjer forfattarane opp status for den norske velferdsstaten. Her set dei eit kritisk søkelys på aukande sosial ulikskap og fattigdom i det norske samfunnet og drøftar moglege sosialpolitiske reformer som kan bidra til å motverke desse utviklingstrekka. Magne Eikås er dosent ved Institutt for velferd og deltaking, Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal. Eikås er utdanna statsvitar og er medforfattar av boka Organisert velferd (2016). Svein Tuastad er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag, Universitetet i Stavanger. Tuastad er utdanna statsvitar og har mellom anna skrive boka Fridom, likskap og gullkort (2009) og vore medredaktør på boka Barneomsorg på norsk (2017).

Forfattere: Svein Tuastad, Magne Eikås Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 320
ISBN: 9788234001864 Vekt: 664 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2022 Veil. pris: 489 kr
Kategori: Samfunnsvitenskapelige fag

For flere fagbøker og lærebøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out