Songfuglen
Songfuglen. Handlinga i denne romanen er lagt til ein namnlaus by, befolka av kvinner og forbode for menn. Jakoba veks opp forkledd som jente, beskytta av mora og tanta. No som han er i ferd med å bli ein ung mann, blir hemmelegheita vanskelegare å halde skjult. Og når tanta brått dør, trer Jakoba ut av det trygge tilveret: Han er i livsfare i sin eigen by. Samstundes trugar og lokkar brøla frå mannfolka i skogen utafor. Han forelskar seg i den vakre tenestejenta Tikva, og står framfor eit avgjerande val. Den vakre songstemma hans kan redde han, men om han blir songar, vil han då miste Tikva for alltid?
Forfattere: Jan Roar Leikvoll | Utgave: 3 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 190 |
ISBN: 9788252185300 | Vekt: 154 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2014 | Veil. pris: 229 kr |
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne |