Snakk mindre, sei meir
Snakk mindre, sei meir. Jakta på den effektive kommunikasjonen Folk snakkar og snakkar. I arbeidslivet kan det være føredragshaldarar, power point-presentatørar, møteleierar, sjefar, kollegaer. I privatlivet kan det vere kjærastar, venner, onklar og tanter. Felles er at dei pratar. Utan tanke på andre enn seg sjølv og sin eigen bodskap. I Ryfylke, der humoristane Leif Arild Steen og Torolf Nordbø kjem i frå, har dei ein fåmælt og sjølvironisk kommunikasjonskultur. «Berre snakk du, så set eg øve kaffien imens» seier dei der. I denne morosame og nyttige boka jaktar dei på den beste og mest effektive måten å kommunisere på. Saman med handplukka menn og kvinner bruker forfattarane humor og glimt i auget for å få fram bodskapen. Effektiv kommunikasjon kan du lære av dyre konsulentar. Eller du kan kjøpe denne boka! Medforfattarar: Arne Kleppa, Hjørdis H. Mikalsen, Arne Nordbø, Oddvar Vignes og Kjell Inge Torgersen.
Forfattere: Leif Arild Steen, Torolf Nordbø | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 175 |
ISBN: 9788252188851 | Vekt: 294 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2015 | Veil. pris: 349 kr |
Kategori: Kultur, religion, kunst |