Skuggen og dronninga 9788249504008 Lars Amund Vaage Brukte bøker

Skuggen og dronninga

Forlaget Oktober AS

  • 210 kr

Kun 1 igjen

Skuggen og dronninga. Mikal reiser tilbake til heimbygda. Der møter han igjen bestemor si, Sara, ho som ein gong for mange år sidan blei sjuk og kom på sinnssjukehus, og Samson, sonen hennar, som også blei sjuk. I fem kapittel, som utgjer fem forteljingar, fem brotflater å nærma seg historia gjennom, fortel denne romanen om galskap, om sterke kjensler og stor innlevingskraft, om psykiatri og om nedbrytinga av menneske. "Skuggen og dronninga" er ein gripande og urovekkande roman. Sara gjekk inn i venleiken, inn i det mintgrøne vindfanget, vidare inn i den mørke gangen med lakka furepanel. Ho sette ikkje ytterdøra på klem, slik ho brukte å gjera før, så dei som følgde henne skulle koma inn, men stengde etter seg. Mikal hadde auka farten, sprunge etter henne den siste biten, og no stod han framfor dørhella, på den svarte singelen, med løyntnantshjarto og georginer lavande på begge sider. Han høyrde at ho stoppa der inne, snudde, tenkte seg visst om, før ho kom til døra, vreid nøkkelen rundt og låste. Han høyrde kneppet i låsen og stega hennar innover. I det same begynte ho å snakka, høgt, klagande, stigande, fallande, og stigande igjen, kanskje til seg sjølv, kanskje til Allan.

Forfattere: Lars Amund Vaage Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 153
ISBN: 9788249504008 Vekt: 296 g
Forlag: Forlaget Oktober AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2010 Veil. pris: 349 kr
Kategori: Romaner

For flere skjønnlitterære bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out