Skrifter i samling. Bd. 3

Skrifter i samling. Bd. 3

Aschehoug & Co

  • 149 kr

Kun 1 igjen

Skrifter i samling. Bd. 3. HJÅ HO MOR (1890) kom ut samstundes både på norsk og dansk (HOS MAMA), og Garborg ønskte med denne forteljinga å skape eit sidestykke og motstykke til romanen MANNFOLK frå 1886. HJÅ HO MOR fortel om ei ung jente som får øydelagt kjærleiksevnene sine av ei småborgarleg og snerpete oppseding. Mora vil at den unge Fanny skal bli ei "fin dame", men dermed mistar ho mest av alt sitt sjølvstende under oppveksten. Ho blir usikker, utan livsmot og eigenvilje. Og ho giftar seg med den halvgamle mannen som har alliert seg med mora. ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klart å leve av å skrive. Han høyrde til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Forfattere: Arne Garborg Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 206
ISBN: 9788203184062 Vekt: 315 g
Forlag: Aschehoug & Co Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2001 Veil. pris: 199 kr
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out