Skibygda Voss
Skibygda Voss. Vossabygda har fostra skiutøvarar i verdsklasse heilt sidan 1940-talet. No får dei endeleg sin velfortente plass i ei bok spekka med historiske foto frå OL og VM, NM og verdscup. Herheim Foto v/ Kjell Herheim sit på eit omfangsrikt materiale heilt frå fotoverksemda vart starta av Christian Herheim i 1956. Boka presenterer mellom anna ei rekkje flotte bilete frå lokale, nasjonale og internasjonale skirenn og tilskipingar. Gjennom intervju med VM- og OL-vinnarar som Jon Istad, Eirik Kvalfoss, Kari Traa, Lars Bystøl, Kristen Skjeldal og mange andre blir vi betre kjend med dei som stod bak fleire av dei historiske bragdene. Samla gir boka eit unikt innblikk i historiske personar og hendingar som har vore med å setja skibygda Voss på kartet.
Forfattere: Kjell Erik Herheim, Nils Torbjørn Kvamsdal | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 205 |
ISBN: 9788279591818 | Vekt: 663 g |
Forlag: Skald AS | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2012 | Veil. pris: 399 kr |
Kategori: Natur, friluftsliv, sport |
For flere sakprosa-bøker trykk her