Sekundet før

Sekundet før

Gyldendal Norsk Forlag AS

  • 190 kr

Kun 1 igjen

Sekundet før. Prisbelønt forfattar med roman om ein mann som tenn på seg sjølv, og historia om dei som vart vitne. Ein mann stiller seg opp på ein plass utanfor byens kunstmuseum. Han er kledd i svart, med kvite joggesko. Noko dryp frå hendene hans. Brått tenner han ein lighter, og i løpet av sekund står heile den mørke skikkelsen i flammar.Etter å ha følgt sonen sin til barnehagen blir fotograf Jonathan Becker ved eit tilfelle vitne til denne hendinga. Det same blir Kaja West, kurator for ei kontroversiell utstilling ved museet. Kva får eit menneske til å gjere noko slikt? Utan at han heilt veit kvifor, filmar Jonathan sjølvpåtenninga med mobilkameraet sitt, ein film som etter kort tid blir distribuert over heile verda. Kven er denne mannen? Og kva for rolle kjem filmklippet til å spele i forteljinga om han? Hendinga tvingar både Kaja og Jonathan til å sjå sine eigne liv, og verda dei lever i, i eit nytt, skarpt lys.Sekundet før er ein roman om korleis bilda kan gjere vitnet til offer, og om i kva for grad det er mogleg å strekkje armane sine forbi bildeflata og inn i røynda.Øyvind Vågnes (f. 1972) debuterte i 2003 med romanen Ingen skal sove i natt. For si andre bok Ekko blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. Sekundet før er hans tredje roman.

Forfattere: Øyvind Vågnes Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 253
ISBN: 9788210050688 Vekt: 424 g
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2010 Veil. pris: 369 kr
Kategori: Romaner
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out