Rett vest
Rett vest. Ein av Noregs leiande reiseforfattarar kryssar det veldige amerikanske kontinentet i ei unik blanding av historie, politikk og cowboyforteljing. Strøksnes oppsøker den fortapte bilindustrien i Detroit, spelar poker i Deadwood og går i antikrigsdemonstrasjon i mormonerbyen Salt Lake City. Møtet med den episke naturen, dei gjestfrie folka og den hardføre individualismen gjer noko med forfattaren. Reisa vestover blir også eit oppgjer med våre oppfatningar av det amerikanske «Heartland». Strøksnes avslører nådelaust klisjeane om Amerika. Rett vest er ei djupt original og velskriven skildring av USA . der forfattaren utvungent blander historie med elegante naturskildringar, og idéhistorie med personlege møter med allminnelege amerikanarar.
Forfattere: Morten Andreas Strøksnes | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 228 |
ISBN: 9788205390430 | Vekt: 534 g |
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2009 | Veil. pris: 399 kr |
Kategori: Samfunn, historie |
For flere sakprosa-bøker trykk her