Raudt støv 9788234006920 Tore Kvæven Brukte bøker

Raudt støv (Innbundet)

  • 210 kr


Raudt støv. Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris! Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Les mer... Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank. Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong. Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve.

Forfattere: Tore Kvæven Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 279
ISBN: 9788234006920 Vekt: 368 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2023 Veil. pris: 429 kr
Kategori: Diverse

For flere skjønnlitterære bøker trykk her

Salg
+ -

Unavailable

Sold Out