Ragnar Ulstein (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Ragnar Ulstein. Eit personleg portrett av ein av våre viktigaste historikarar - ein mann med eit brennande hjarte og sterk sans for rettferd. «Dette er forteljinga om ein fredens mann som i prøvelsens time var villig til å ty til våpen for å forsvare den nasjonale fridomen. Ein mann som har brukt eit langt liv på å dokumentere den kampen som han og tusentals andre deltok i for å slå tilbake det nazistiske overfallet mot Noreg.» Gunnar Myklebust. Då den andre verdskrigen braut ut, drog den unge Ragnar Ulstein med båt til England, der han blei med i Lingekompaniet. Han fekk opplæring i geriljakrig og var på fleire hemmelege operasjonar i Noreg. Etter krigen bytte Ulstein ut pistolen med pennen for å dokumentere viktige delar av den norske motstanden under krigen. Gjennom meir enn tre tiår reiste han landet rundt og intervjua krigsveteranar - englandsfararar, grenselosar, etterretningsfolk og små og store aktørar i dei hemmelege nettverka i motstandsrørsla. Ved Norsk Hjemmefrontmuseum etterlèt han seg eit eineståande arkiv med opptak og avskrifter frå over 1300 intervju med krigsveteranar. Utan hans bidrag ville ein viktig del av norsk historie gått tapt. I boka til Gunnar Myklebust blir vi kjende med eit menneske som gjennom sitt lange liv var driven av eit brennande hjarte og ein aldri sviktande sans for rettferd. Ulstein er ein av dei siste attlevande motstandsmennene frå krigen. Basert på timevis med samtalar teiknar Myklebust eit personleg og originalt portrett av ein intelligent, humoristisk og prinsippfast mann.
Detaljer om boken
Kategori: Memoarer, biografier
ISBN: 9788252187670
Forfatter: Gunnar Myklebust
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2017
Sideantall: 453
Utgave: 1 utg.
Vekt: 720 g
Veil. pris: 429 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.