Panorama Nordfjord
Panorama Nordfjord. "Eit lite stykke Norge" heiter det i reklamen. Nordfjord er eit lite stykke Norge, men kanskje eit av dei flottaste stykke vi har. Frå brear og høgfjell over 2000 meter, lune fjordarmar, til "storm ved Stad", knyttneven mot storhavet. Her er driftige bønder og fiskarar, moderne industri og design, og kulturliv i overflod med eige operahus som krona på verket. Eit fagert Vestland i miniatyr. Denne boka er ei reise i praktfulle bilete og underfundige tekstar gjennom heile Nord-fjord. Her er arbeidsliv, kulturliv, reiseliv og næringsliv. Her er kvardag og helg, sommar og vinter. Og her er fabelaktig natur: stupbratte fjell og fjordar, dramatiske bølgjer ved havkanten og frodige og livskrafige bygder og bygdebyar.
Forfattere: Øystein Rakkenes, Thomas Bickhardt | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 213 |
ISBN: 9788282400138 | Vekt: 677 g |
Forlag: Selja Forlag AS | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2009 | Veil. pris: 398 kr |
Kategori: Reise og geografi |
For flere sakprosa-bøker trykk her