Påfuglen som trakka i møtematen 9788234006951 Jon Hjørnevik Brukte bøker

Påfuglen som trakka i møtematen

Det Norske Samlaget

  • 180 kr

Kun 9 igjen

Påfuglen som trakka i møtematen. Skeive rim om dei sju dødssyndene Det perfekte, hovmodige og ambisiøse er uinteressant, heilt til det går til helvete. Kåtskap og begjær er dørgande kjedeleg, inntil det går skikkeleg over styr. Grådigheit og misunning bør gløymast, om ikkje det inkluderer nevekamp, blod og tårer. Rimsmeden Jon Hjørnevik orkar ikkje å komme på banen før plattfotjoggaren får hundeskit under nyskoen. Det er først når milliardyachten går ned med overlønnna egomann og tiltakslaus solariumsmus, diktaren vaknar. Og kven vil dikta om ein Powerpoint-presentasjon med mindre den inkluderer eit affekt-drap? I «Påfuglen som trakka i møtematen» er alle former for skit samla mellom to pene permar. Heller ikkje diktaren sjølv slepp unna sin eigen penn. Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt oppskatta opplesar av sine eigne dikt.

Forfattere: Jon Hjørnevik Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 125
ISBN: 9788234006951 Vekt: 270 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2021 Veil. pris: 349 kr
Kategori: Diverse

For flere sakprosa-bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out