På mange måtar
På mange måtar: samansette tekstar i skolen. Multimodale tekstar er vår tids kommunikasjonsform. Ulike medium som aviser, tv og bøker har lenge utnytta det meiningspotensialet som ligg i å kombinere verbalspråk, lyd og bilete på ulike måtar. I den nye læreplanen for grunnskolen og vidaregåande opplæring, Kunnskapsløftet, vert multimodale tekstar kalla samansette tekstar. Arbeid med slike samansette tekstar har fått eit forsterka fokus i denne planen. Boka knyter generell kunnskap om multimodalitet til det konkrete arbeidet i klasserommet. Det didaktiske perspektivet er tydeleg gjennom drøfting av aktuelle teksteksempel og forslag til korleis ein kan arbeide med multimodale tekstar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Anne Løvland er førsteamanuensis ved Høgskolen i Agder. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap med ei avhandlinga om samansette elevtekstar.
Forfattere: Anne Løvland | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 152 |
ISBN: 9788245005844 | Vekt: 350 g |
Forlag: Fagbokforlaget | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2007 | Veil. pris: 329 kr |