På liv og død
På liv og død. Imponerande verk om norske distriktsjordmødrer Ikkje nokon augneblink i menneskelivet er så kritisk som fødselen. Til alle tider har kvinner hjelpt kvarandre når barn kom til verda. Men etter kvart som legevitskapen vaks fram i Europa, vart denne hjelperolla profesjonalisert, og jordmødrene utdanna som medisinske handverkarar. Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner i Noreg. Jordmorskulen var den første utdanninga for kvinner, og jordmødrene var dei første offentleg tilsette kvinnene i landet. Over meir enn hundre år var jordmødrene dei næraste helsearbeidarane for folk i norske bygder. Dette er den første samla framstillinga av distriktsjordmødrene si historie i Noreg, frå amtmannen i dagens Møre og Romsdal i 1784 fekk i stand eit ordna jordmorvesen på landsbygda, og til kommunehelselova i 1984 ikkje lenger kravde at kommunane skulle tilsetje jordmor. Lesaren blir kjend med mange historiske jordmødrer, og følgjer dei tett i deira strevsame tilvere og strabasiøse yrke. Samstundes er dette òg ei forteljing om det norske samfunnet si utrulege utvikling gjennom dei siste 200 åra.
Forfattere: Aud Farstad | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 429 |
ISBN: 9788252184976 | Vekt: 1078 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2016 | Veil. pris: 449 kr |
Kategori: Samfunn, historie |
For flere sakprosa-bøker trykk her