På jakt etter svar og forståing: samansette fagtekstar i skulen

På jakt etter svar og forståing: samansette fagtekstar i skulen

Fagbokforlaget

  • 210 kr

Kun 1 igjen

På jakt etter svar og forståing: samansette fagtekstar i skulen. Å lese fagtekstar med godt utbytte er ei treningssak. Elevane på fjerde og femte trinnet er heilt i startfasen av ein treningsperiode som skal vare i mange år. Skulekulturen og den vanlege bruken av fagtekstane i klasserommet er med på å forme elevane som faglesarar. I mange tilfelle venner elevane seg til «å lese med pinsett» fordi dei er meir på jakt etter svar enn på leiting etter å forstå det tekstane handlar om. Multimodaliteten det at fagtekstane er sette saman av fleire modalitetar eller uttrykksmåtar, som skrift, lyd, film, figurar og fotografi kan hjelpe elevane i læringsarbeidet, men det multimodale læringspotensialet kan også vere underutnytta. I boka drøftar forfattaren samanhengen mellom multimodalitet, lesing og læring i lys av eksempel frå klasserommet, samtalar med elevar på mellomtrinnet og analyse av aktuelle fagtekstar. Anne Løvland er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder. Ho har doktorgraden i nordisk språkvitskap med ei avhandling om samansette elevtekstar, og har skrive boka På mange måtar. Samansette tekstar i skolen (2007).

Forfattere: Anne Løvland Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 171
ISBN: 9788245010268 Vekt: 321 g
Forlag: Fagbokforlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2011 Veil. pris: 329 kr
Kategori: Bøker
Salg

Unavailable

Sold Out