Nynorskens lys (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Nynorskens lys. Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset? Nynorsk er eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk. I denne boka undersøkjer Morten Søberg påstanden om at nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkultur, eit skriftspråk tufta på reiser og samtalar, utforskingar og politikk. Den nynorske skriftkulturen innebar ei ny tidsrekning. Han byrja på sett og vis med Ivar Aasens tekst i Morgenbladet 5. januar 1849 - ein samtale mellom to bønder om politikk og statsstyring. I 1894 vedtok Stortinget den fyrste lova på det nye språket: Ho avløyste lokale tider og innførte nasjonal fellestid. I dag er nynorsk etablert som eit norsk mindretalsspråk med nokre bestemte særtrekk. Den nynorske skriftkulturen er ei langvarig påminning om at fleirtalet ikkje alltid har rett, han viser at det finst alternative språklege fakta, røynsler og tankar. Det er noko kjettersk ved nynorsken. Ein kan seie at grunndraga ved språket samsvarer med sjangerkrava til essayet. Ja, at djupast sett er den nynorske skriftkulturen eit spegelbilete av sakprosasjangeren essay. Det bør òg vera ein del av det nynorske sjølvbiletet. Med andre ord: stadig nye forsøk, heile tida noko uferdig og ope, granskande og spørjande - samtalande skrift.
Detaljer om boken
Kategori: Samfunn, historie
ISBN: 9788252195842
Forfatter: Morten Søberg
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2018
Sideantall: 109
Utgave: 1 utg.
Vekt: 284 g
Veil. pris: 449 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.