Norwegen, schönes Land! (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Norwegen, schönes Land!. Norske motiv skildra av tyske soldatkunstnarar. Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i tyskproduserte månadsmagasin og tidsskrift. Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Med 144 illustrasjonar i utval gir han her eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var. Målgruppa var eit tysk publikum - ved at okkupantane sende postkort eller fine kunstmapper til slekt og venner i heimlanda, men reproduksjonane var også til sals i Tyskland. Med stort sett nøytrale og fredelege motiv og landskapsskildringar frå Jæren, Stavanger, Preikestolen og Haugesund i sør, via Bergen, Sogn og Trondheim, til Narvik, Tromsø og Nordkapp i nord kunne dei med desse reproduksjonane vise den nordiske delen av det storgermanske riket.
Detaljer om boken
Kategori: Samfunn, historie
ISBN: 9788252192421
Forfatter: Einar Økland
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2017
Sideantall: 145
Utgave: 1 utg.
Vekt: 877 g
Veil. pris: 449 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.