Norsk pedagogisk faghistorie: utdrag frå formidling, forsking og debatt

Norsk pedagogisk faghistorie: utdrag frå formidling, forsking og debatt

Fagbokforlaget

  • 320 kr

Kommer på lager etter

Norsk pedagogisk faghistorie: utdrag frå formidling, forsking og debatt. Boka presenterer utdrag frå framveksten av norsk pedagogisk forsking og gir ei innføring i formidlinga av faget med vekt på utvalde idear, personar, institusjonar og kontekstar. Utviklinga frå mellomkrigstida blir vektlagd. Pedagogikkfaget og utdanningsvitskapen vi ser i dag, har historiske røter, og i denne framstillinga vil ein finne bakgrunnsstoff for å forstå meir av den dagsaktuelle debatten om faget. Dei siste tiåra har det komme fleire avhandlingar, antologiar og artiklar om pedagogikk som undervisningsfag og forskingsdisiplin. Ein har derimot sakna samanfattande framstillingar. Denne boka gir ein slik presentasjon. Boka gir eit utdrag av den historiske utviklinga og byggjer både på primærkjelder og på tidlegare faghistoriske forskingsarbeid. Jostein Sæther er professor i pedagogikk ved Norsk Lærerakademi. Han har særleg forska innanfor faghistorie med vekt på pedagogisk psykologi og vitskapsteori, dessutan på verdispørsmål i naturfag.

Forfattere: Jostein Sæther Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 257
ISBN: 9788245011739 Vekt: 501 g
Forlag: Fagbokforlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2011 Veil. pris: 449 kr
Kategori: Bøker
Salg

Unavailable

Sold Out