Nattferje frå Åfarnes 9788274888395 Arne Ruset Brukte bøker

Nattferje frå Åfarnes

SolumBokvennen AS

  • 180 kr

Kun 1 igjen

Nattferje frå Åfarnes. - Eg ville bli glad om du kunne skrive noko for meg, seier ho, sidan du er forfattar, legg ho til. I radioen har ho følgd med omtalen av skriveria mine, har skjøna det slik at eg har gjort forfattarskapet til leveveg. Sonen las ved eitt høve nokre av dikta mine for henne, nymotens greier, ho likte dei likevel. Så kan eg skrive noko om henne? - Det kan eg kanskje. Du har levd eit langt liv, har sikkert opplevd mykje interessant. Ho svarar utan å tenkje seg om. Orda kjem faste og tydlege i det mjuke talglyset, i den vedunderlege angen av tørka frukter odla fram i endelaus sol. - Nei, det er nettopp det som er saka. Eg har ikkje opplevd noko spanande, har aldri opplevd noko som helst. Etter at ekteskapet havarerer, prøver ein forfattar å få avstand til nederlaget ved å isolere seg på ei hytte i barndomstraktene for å skrive noveller. Under arbeidet med dette, blandar fortida hans seg med notida og kastar skuggar over tekstane.

Forfattere: Arne Ruset Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 186
ISBN: 9788274888395 Vekt: 394 g
Forlag: SolumBokvennen AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2019 Veil. pris: 349 kr
Kategori: Romaner

For flere skjønnlitterære bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out