Nattbussen

Nattbussen

Aschehoug & Co

  • 190 kr

Kun 1 igjen

Nattbussen. Eks-journalisten Klaus er på veg til Oslo for å møte den nye terapeuten sin. Han stig inn i nattbussen, og vi følgjer han heile vegen frå Indre Sogn gjennom ei vakenatt. Om bord i bussen tar han fram papira han har fått sendt frå sjukehuset der han vart behandla etter eit alvorleg mentalt samanbrott. Her er òg tilbakeblikk på oppvekst, ungdom og dramatiske vendepunkt i livet hans. Dokumenta frå sjukehuset talar sitt eige språk. Og bussjåføren glor og glor på passasjeren sin. Kva er det han vil? Nattbussen er eit frittståande framhald av romanen Nordvegen, som kom i 2003, og er andre band i ein serie der temaet galskap vert belyst frå ulike sider. Hermann Starheimsæter debuterte i 1980 og har skrivi bøker i dei fleste sjangrar: novellesamling, romanar, barnebøker. Gjennombrotet kom med romanen Han gjorde det i 1990.

Forfattere: Hermann Starheimsæter Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Bokmål) Sidetall: 237
ISBN: 9788203192586 Vekt: 360 g
Forlag: Aschehoug & Co Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2007 Veil. pris: 389 kr
Kategori: Romaner
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out