Når ramnen skrik
Når ramnen skrik. Tordis Lunde (1948) er utdanna lærar, adjunkt m/opprykk med faga spesialpedagogikk, kosthald og helse i tillegg til norsk som andrespråk. Ho har jobba som lærar og rektor på barnetrinnet og som lærar/avdelingsleiar i vaksenopplæringa med norsk for innvandrarar. Ho er no pensjonist og bur i Øygarden kommune. Tidligare (2009) har ho gitt ut biografien «Livslang kamp, en krigsseiler forteller». «Når ramnen skrik» er ei forteljing om ikkje å høyre til. Det einsame strevet med å finne sin eigen veg. Ei jente med eit namn ho avskyr, eit barn i livskrise. Den tunge kampen i henne blir ein kamp om å vinne tilbake sin eigen vilje og seg sjølv. Såg du meg? spør jenta. Tradisjon og gudstru står sterkt i det vesle fiskarsamfunnet der jenta veks opp tidleg på 1950-talet. Alle er dei underlagt naturen sine luner. Storm og stille, flo og fjære. Snøfokk og nordlys, midnattssol og mørketid. Havet spelar ei hovudrolle i livet til jenta.
Forfattere: Tordis Lunde | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 284 |
ISBN: 9788230023174 | Vekt: 560 g |
Forlag: Kolofon Forlag AS | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2021 | Veil. pris: 349 kr |
Kategori: Diverse |
For flere skjønnlitterære bøker trykk her