Mørkerom
Mørkerom. Om å finne tilbake til fortida og til seg sjølv. Mørkerom handlar om Mette, som gjennom fotografi og minne forsøkjer å gå inn i si eiga fortid - og vidare inn i fortida til faren. Då faren døydde så altfor tidleg av sjukdom, mista ho blikket som gjorde henne til den ho var: Det å ikkje lenger bli sett skapte store endringar. Er det mogleg å finne attende til den ho var i blikket til faren? Kanskje må ho bryte gjennom dei idealiserte bileta ho har skapt av faren? Det å rekonstruere historia til faren kan vere ein veg til å finne fram til seg sjølv. Mørkerom er ein roman om å sjå og bli sett, om minne, identitet og familierelasjonar, og om ein far som var flygeleiar, men også lidenskapeleg oppteken av å fotografere.
Forfattere: Mette Karlsvik | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 219 |
ISBN: 9788252194302 | Vekt: 336 g |
Forlag: Samlagsantikvariatet | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2017 | Veil. pris: 429 kr |
Kategori: Romaner |