Mørkemann (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Mørkemann. Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt, enkelt spørsmål: Kvar er du på veg - mot himmelen eller helvete? Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne. Heilt sidan han som liten gut gjekk på søndagsskulen, var likevel målet med livet hans å kome til himmelen: Han måtte leve reint, gå på den smale stien og halde seg til boda til Jesus. Han var stolt over å kalle seg fundamentalist og meinte verda var korrupt og full av vantru. Trua hans gjekk snart ut over forholdet til familien. Systera, som var homofil, var redd for at ho aldri skulle få møte nevøen sin, sonen til Emil, og mora var djupt bekymra for kor ytterleggåande sonen hennar var i ferd med å bli. I denne boka lét Erstad oss bli kjende med eit for mange framandt, religiøst univers. Undervegs prøver han å finne ut korleis han sjølv kunne bli så konservativ som han blei - men også kvifor han etter kvart tok til å tvile på den ekstreme måten han tolka Bibelen på. Dette er ei forteljing om ein mørkemann si personlege reise mot eit mildare lys, men boka teiknar også opp ein høgare, tematisk himmel: For kvifor er det eigentleg slik at nokon endrar både tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet?
Detaljer om boken
Kategori: Memoarer, biografier
ISBN: 9788234007057
Forfatter: Emil André Erstad
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2022
Sideantall: 126
Utgave: 1 utg.
Vekt: 245 g
Veil. pris: 429 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.