
Media og det menneskelege
Media og det menneskelege: moralfilosofiske utgangspunkt for journalistisk etikk. Denne boka skisserer eit utgangspunkt for ein ny presseetikk. Ifølgje forfattaren må journalistisk praksis forankrast i noko anna enn magekjensla eller den siste PFU-avgjerda. Boka gir ei innføring i klassiske filosofiske definisjonar av etikk og moral og koplar desse teoriane til moderne massekommunikasjon. Eit sentralt spørsmål er: kva er etisk kommunikasjon? Forfattaren brukar Aristoteles og seinare filosofar sine teoriar til å vise at journalisten må ta utgangspunkt i seg sjølv når han/ho utformar si yrkesrolle - "først menneske, så journalist". Boka munnar ut i 9 "tesar" om grunnlaget for ein ny medieetikk. Boka vender seg til journalistar og andre med interesse for medias rolle i samtida. Lars Arve Røssland er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen. Han har skrive doktoravhandling om det norske presseetiske systemet, og har skrive fleire artiklar, rapportar og bøker om pressetiske emne.
Forfattere: Lars Arve Røssland | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 183 |
ISBN: 9788252170184 | Vekt: 230 g |
Forlag: Samlaget | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2007 | Veil. pris: 320 kr |