Makta

Makta

Cappelen Damm AS

  • 99 kr

Kun 1 igjen

Makta. Ofte kan eg sjå det på andre. Eg veit ikkje nøyaktig korleis eg ser det, for det er flyktig. Det bur i ansiktet. Det er i huda, rundt munnen, i blikket. Enkelte kvinner ber smerte i ansiktet. Menn også. Det er vanskeleg å få taket på, det snor seg lett unna. Det trassar ungdom, det trassar skjønnheit. Eg har sett det hos andre sidan eg var barn, før eg visste kva det var. Eg har sett det hos barn. Eg har sett det hos eldre kvinner. Enkelte dagar har eg sett det i meg sjølv. I porene, i hudtonen, i linjene. Det piplar fram om eg ikkje passar på. Liv er ein sjukepleiar som tek godt vare på seg sjølv og andre. Ho er eit heilt normalt menneske som skjuler ei heilt normal hemmelegheit. Ei natt, for fleire år sidan, blei ho valdteken. Av ein mann ho frivillig blei med heim. MAKTA handlar om makt, men også om å makta. Å orke å gå vidare.

Forfattere: Heidi Furre Utgave: 2 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 143
ISBN: 9788282884860 Vekt: 140 g
Forlag: Cappelen Damm AS Innbinding: Heftet
Utgitt: 2022 Veil. pris: 199 kr
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out