Lyttemetodikk: studiebok

Lyttemetodikk studiebok

Fagbokforlaget

  • 170 kr

Kommer på lager etter

Lyttemetodikk: studiebok. Musikk i bruk-serien er ein serie læremiddel for musikkfaget. Serien er retta mot musikkpedagogar, frå barnehagen til musikklærarutdanninga ved høgskule og universitet. Han er utarbeidd gjennom mange års prøving og samarbeid mellom musikkpedagogar i grunnskulen og lærarhøgskulen og byggjer på nye prinsipp for utviklinga av læremiddel. Konkrete oppgåver, lærarrettleiingar og kopigrunnlag blir knytte saman med metodikk og musikkpedagogisk teori. Denne studieboka gir ei grundig innføring i utviklinga av lyttemetodikken, prinsippa i Musikk i bruk-metodikken og korleis lytting er blitt ein viktig del av musikkfaget i grunnskulen. Heilt nytt i denne boka er kapitla der forfattaren ser lyttemetodikken i musikkfaget i lys av nyare erkjenningsteori, estetisk teori og læringsteori. Boka legg til rette for eit aktiviserande studiearbeid med studieoppgåver som er knytte til hovudkapitla. Den siste delen av boka er sett saman av fire frittståande studietekstar med ulikt opphav. Dei tek opp sentrale emne for folk som er interesserte i lyttemetodikk, og høver godt som utgangspunkt for analyse, vurdering og diskusjon i ein studiesituasjon. Magne Espeland var leiar for faggruppa som utarbeidde den nye musikkplanen i L97. Han er tilsett som førsteamanuensis ved Høgskolen Stord/Haugesund. Hovudområda hans er musikkdidaktikk og klasseromsforsking. Espeland er forfattar av fleire bøker og redaktør for Musikk i bruk-serien.

Forfattere: Magne Espeland Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 175
ISBN: 9788276747751 Vekt: 338 g
Forlag: Fagbokforlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2001 Veil. pris: 335 kr
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out