Lyttemetodikk: ressursbok
Informasjon fra forlaget
Lyttemetodikk: ressursbok. Musikk i bruk-serien er ein serie læremiddel for musikkfaget som er retta mot musikkpedagogar, frå barnehagen til musikklærarutdanninga ved høgskule og universitet. Serien er utarbeidd gjennom mange års prøving og samarbeid mellom musikkpedagogar i grunnskulen og lærarhøgskulen og byggjer på nye prinsipp for utviklinga av læremiddel. Konkrete oppgåver, lærarrettleiingar og kopigrunnlag blir knytte saman med metodikk og musikkpedagogisk teori. Denne ressursboka for lyttemetodikk gir deg praktiske undervisningsopplegg knytte til alle dei 121 musikkdøma i musikksamlinga Musikk i bruk. I tillegg omfattar boka mange kopigrunnlag med tekstar, songar, arrangement, notedøme og musikkpuslespel. Ressursboka inneheld også bakgrunnsstoff om musikkhistorie og analyse. For kvart musikkdøme er det valt ut internettlenkjer med tanke på aktuelt fagstoff for læraren. Ressursboka bør sjåast i samanheng med studieboka for lyttemetodikk, der du finn ei grundig teoretisk innføring i ulike sider ved denne delen av musikkfaget. Med desse to bøkene og musikksamlinga på tre CD-ar vil lærarar ha eit godt grunnlag for å løysa dei utfordringane arbeid med musikklytting gir på alle nivå i skoleverket. Magne Espeland er professor ved Høgskulen på Vestlandet, og var leiar for faggruppa som utarbeidde musikkplanen i L97. Hovudområda hans er musikkdidaktikk og klasseromsforsking. Espeland har skrive fleire bøker og er redaktør for Musikk i bruk-serien.
Detaljer om boken
Kategori: Pedagogikk
ISBN: 9788276747898
Forfatter: Magne Espeland
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2004
Sideantall: 278
Utgave: 1 utg.
Vekt: 536 g
Veil. pris: 669 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.