Lykkelige guttedager i en dramatisk tid
Lykkelige guttedager i en dramatisk tid. LYKKELIGE GUTTEDAGER I EN DRAMASTISK TID er gode og dramatiske minner fra under og like etter krigen. Boken har fått svært gode tilbakemeldinger fra de som har lest den. Er blitt og vil bli omtalt i flere aviser med bl.a. intervju med forfatteren. Her er en av omtalene: Bokmelding. Knut Corneliussen gir i desse dagar ut boka "Lykkelige guttedager i en dramatisk tid". Boka er på 133 sider, er illustrert av Elin Corneliussen og er utgitt av forlaget Designtrykkeriet AS. Boka handlar om korleis det var å veksa opp i Bergen by under krigen og i dei første etterkrigsåra. Forfattaren budde på Nordnes, og vi får dei mest detaljerte skildringane om folk, hendingar og miljø frå denne bydelen, men også andre bystrøk blir tatt med. Forfattaren var i førskulealderen under krigen, men krigens mange dramatiske situasjonar gjorde sterke inntrykk og blir framstilt med god detaljrikdom. Her får vi innsyn i at det ofte berre var rein flaks som avgjorde om ein kom ifrå det med liv og helse intakt. Forfattaren gjenfortel fleire interessante episodar med stor innleving. Eit høgdepunkt er opplevinga hjå tannlegen, som etter denne bokmeldars meining er ei lita episk perle, men også andre episodar er gjenkjennelege og fint framstilt. Andre område som blir tatt opp, er korleis det var å vera elev rett etter krigen, om barneleikar, korleis det var på landet og ikkje minst; om sjøen, Vågen og alle dei kjende og kjære fjordabåtane på denne tida. Boka er skrive i eit godt og folkeleg språk, og for dei som er interesserte i å få eit inntrykk av korleis det var å veksa opp i Bergen for om lag to mannsaldrar sidan, så kan boka absolutt anbefalast. Denne bokmeldar hadde stor glede av å lese boka. God lesnad! Ole J Gjøstein.
Forfattere: Knut Corneliussen | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Bokmål) | Sidetall: 136 |
ISBN: 9788230308097 | Vekt: 250 g |
Forlag: KC-forlag Knut Corneliussen | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2006 | Veil. pris: 100 kr |
Kategori: Memoarer, biografier |
For flere sakprosa-bøker trykk her