Liv og dikt i lag
Liv og dikt i lag. Maken til denne diktantologien har vi ikkje sett før. Her følgjer vi utviklinga i liv og dikt frå Halldis Moren og Tarjei Vesaas møtest og skaper heimen sin på Midtbø i Vinje. Boka er bygd opp over livsløpet dei to diktarane har saman, og vi får eit klårt innblikk i deira verdsbilete, i synet på røyndommen, kunsten og mennesket. Dikta er stilte opp saman med prosastykke der forfattarane kommenterer sitt eige arbeid eller det den andre har utført. Sonen Olav bind det heile i hop med opplysande kommentarar. Alt i alt får dikta kaste lys over kvarandre og stå fram på ein ny måte.
Forfattere: Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 205 |
ISBN: 9788203187292 | Vekt: 461 g |
Forlag: Aschehoug & Co | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2003 | Veil. pris: 449 kr |
Kategori: Klassisk litteratur |
For flere skjønnlitterære bøker trykk her