Late dagar, ville netter 9788202716301 Eve Babitz Brukte bøker

Late dagar, ville netter

Cappelen Damm AS

  • 200 kr

Kun 1 igjen

Late dagar, ville netter. Eve Babitz si bok Late dagar, ville netter kom ut første gongen i 1977. Her møter vi ei kvinne med gnistrande livsappetitt og fortreffeleg observasjonsevne. Gjennom ti kapittel følgjer vi dragnaden hennar mot reiser, rus, californiske solnedgangar og ei mengde ulike folk. Vi treffer forfattarar, druedyrkarar, basketballspelarar og sosietetsfolk, filmstjerner som er fortvila over eigen suksess og italienske femmes fatales meir fatale enn Babitz sjølv. Ingen av Eve Babitz (1943-2021) sine bøker frå 1970- og 1980-talet slo gjennom då dei kom ut. Dei havna i skuggen av imaget hennar som it-jente, og temaa ho skreiv om - Los Angeles, skjønnheit, sex - blei avfeia som overflatiske. På 2010-talet har ho derimot blitt feira for den sanselege og viltre stilen sin. Late dagar, ville netter er ein moderne klassikar i grenselandet mellom fakta og fiksjon - ei feiring av byen Los Angeles og av overskridande liv.

Forfattere: Eve Babitz Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 189
ISBN: 9788202716301 Vekt: 266 g
Forlag: Cappelen Damm AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2022 Veil. pris: 399 kr
Kategori: Romaner

For flere oversatte skjønnlitterære bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out