Kritisk refleksjon i sosialt arbeid
Kritisk refleksjon i sosialt arbeid. Kritisk refleksjon i sosialt arbeid gjev ei teoretisk innføring i kritisk refleksjon. Forfattarane viser korleis praktikarar og forskarar saman har utvikla kunnskap gjennom kritisk refleksjon over eige arbeid. I dagligtale vert orda refleksjon og kritisk refleksjon ofte brukt synonymt. Det kritiske i denne samanhengen viser til kritisk teori. Tema som makt og samspelet mellom individ og samfunn er sentrale i kritisk teori, og dei går att i den kritiske refleksjonen. Ideen med kritisk refleksjon er å læra av praksis og la den nye kunnskapen føra til endring. Dette kan bidra til å knyta teoretisk og etisk innsikt saman med kjensler og praktisk erfaring. Boka kan inspirera til å integrera kritisk refleksjon i daglig praksis, både hos den enkelte praktikaren, i kollegafellesskapet og på organisasjonsplan. Målgruppene for boka er studentar ved sosialarbeidarutdanningane og andre velferdsutdanningar, tilsette og medforskarar i praksisfeltet, og brukarar og brukarorganisasjonar. HUSK (Høgskole- og universitetssosialkontor) har vore eit femårig forsøk frå 2006-2011 for å utvikla nye, forpliktande og likeverdige samarbeidsformer mellom forsking, utdanning, praksis og brukarar i sosialtenesta/Nav. Arbeids- og velferdsdirektoratet har finansiert og hatt det overordna ansvaret for HUSK. Gurid Aga Askeland er sosionom og førsteamanuensis ved Diakonhjemmet høgskole, Institutt for sosialt arbeid og familieterapi.
Forfattere: | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Bokmål) | Sidetall: 199 |
ISBN: 9788215018881 | Vekt: 377 g |
Forlag: Universitetsforlaget AS | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2011 | Veil. pris: 419 kr |
Kategori: Diverse |