Kritikarboka: om litteratur, journalistikk og kvalitet

Kritikarboka: om litteratur, journalistikk og kvalitet

Fagbokforlaget

  • 180 kr

Kun 2 igjen

Kritikarboka: om litteratur, journalistikk og kvalitet. Denne boka er ein guide til den litterære og litteraturkritiske sanse- og tenkjemåten. Kva er litteratur og kritikk? Kva er kvalitet, og korleis oppdagar du kvalitet? Har kritikaren andre oppgåver enn å oppdage og beskrive kvalitet? Kritikarboka er ei praktisk bok. Atle Christiansen legg vekt på å gi klare råd om korleis du går fram for å vurdere kvalitet og skrive litteraturkritikk. Mindre erfarne lesarar kan lese boka som ei innføringsbok i litteratur og kritikk, mens erfarne lesarar kan lese henne som ei oppdatering og påminning om kva som står på spel i litteraturen og kritikken. Boka er full av gode skriveråd for den som vil noko med skrivinga si. Atle Christiansen (f. 1964) er kritikar, forfattar og kommunikasjonsrådgivar. Han har tidlegare gitt ut Et digert kapittel (1994) og Historier om Kruse Smith (2009). Han blei kåra til Årets litteraturkritikar av Norsk kritikerlag i 1994. «Det er sympatisk å lese en slik framstilling av anmelderiet, som ikke pretenderer å gjøre sjangeren til mer enn den er, eller gir den oppgaver som er umulige å innfri, men som samtidig stiller klare krav til skriftlig presisjon og viser hvordan dette kan læres.» - Tonje Vold, PROSA

Forfattere: Atle Christiansen Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 191
ISBN: 9788245007763 Vekt: 396 g
Forlag: Fagbokforlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2010 Veil. pris: 359 kr
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out