Klyngetunet (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Klyngetunet. Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til «Klyngetunet» då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren «Norges låver». På si hittil siste reise har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk. Ein gong fanst det mange tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860-1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap. I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, inneheld boka historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna. Dei siste åra har vi sett ei stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn.
Detaljer om boken
Kategori: Samfunn, historie
ISBN: 9788279592686
Forfatter: Eva Røyrane
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2018
Sideantall: 444
Utgave: 1 utg.
Vekt: 1859 g
Veil. pris: 499 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.