Kald krigs kviskring
Kald krigs kviskring. Nytt blikk på etterkrigstida! «Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.» Slik tenkte historikaren Arnhild Skre lenge om barndommen sin i 1950-åra. Men no, med barndommen på avstand, har ei uro slått inn og skapt tvil. Kanskje levde ho også ein kaldkrigsbarndom? Norsk NATO-medlemskap frå 1949. Frykta for atombomba. Koreakrigen 1950-1953. Kommunistjakt. Cubakrisa i 1962. I denne nyskapande og velskrivne essaysamlinga utforskar Skre korleis desse hendingane var med og forma norske barnesinn etter andre verdskrigen. I Kald krigs kviskring blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til forteljingar om kvardagslusking, forteiing, angst for atomkrig. Og om ein kaldkrigsmentalitet som velta rundt på norsk daglegliv og kultur.
Forfattere: Arnhild Skre | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 330 |
ISBN: 9788252193565 | Vekt: 504 g |
Forlag: Samlagsantikvariatet | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2017 | Veil. pris: 399 kr |
Kategori: Samfunn, historie |
For flere sakprosa-bøker trykk her