Journalistikkens samfunnsoppdrag
Journalistikkens samfunnsoppdrag. Begrepet samfunnsoppdrag har vorte eit moteord i den journalistiske kvardagen og mediedebatten, men kva som ligg i begrepet, er langt frå eintydig. Journalistar og mediefolk brukar begrepet samfunnsoppdrag i svært vid tyding for å forklare og legitimere journalistisk verksemd. Og samfunnsoppdrag som begrep vert også nytta på ei rekkje andre område enn journalistikk. I denne boka blir begrepet journalistikkens samfunnsoppdrag underkasta kritikk og analyse ut frå ei rekkje ulike perspektiv: den filosofiske grunngjevinga for samfunnsoppdraget, samfunnsoppdraget i lys av presseetikkens teori og praksis, allmennkringkastingas praksis i ein ny fleirkulturell og fleirmedial kvardag, Google som den etter kvart viktigaste reiskapen i journalistanes verktøykasse og framtidas interaktive fjernsynsreportasje som no byrjar å vise seg. Forfattarane av artiklane i denne boka arbeider til dagleg med slike spørsmål blant anna i samband med fleire doktorgradsprosjekt frå dei siste åra. Dei har vore samla i forskingsprosjektet «Journalistikk i endring», som har sitt utspring i journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda. Redaktørar for boka har vore Johann Roppen og Sigurd Allern.
Forfattere: | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 264 |
ISBN: 9788271473464 | Vekt: 499 g |
Forlag: IJ-forlag | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2010 | Veil. pris: 479 kr |